søndag 19. januar 2014

DT Anita - Pose til ein ven

Eg har kosa meg med å lage pose til ein ven. Etter inspirasjon frå eit av dei siste Magnolia blada. 

Bak Tilda finn du: Spelbinders - Floral ovals - ein av dei eg brukar aller mest til bakgrunn.
Blomstrane er bygde opp av Magnolia - Doily Flowers  - desse er også kjempefine som "blad" bak andre blomstrar.
På baksida finn du:  Lace hearts - ein av mine nye favorittar,
(Tips: viss du ikkje får arka ut av diesar, så legg frysefolie mellom arket og diesen. Slik at det blå vender ned mot arket, og det blanke opp mot diesen. Frysefolie kjøper du i dagligvarebutikk. )

Tilda er Midwinter Tilda på framsida, og Tilda åpnar pakker på baksida, begge farga med Promarker.



Fleire bilder finn du her.
Klem Anita

Ingen kommentarer: